REISEMINNER
Butikken vår ligg på Tunet i Briksdalen. Her finn du eit godt og variert produktutval av gave og interiørprodukt og jakker, gensere og t-skjorter.
Vi har også is, kjeks, sjokolade, drikkevarer og lokalmat eks. saft og syltetøy. Ønsker du produkt med Briksdal motiv finn du det og.
Velkommen til ein hyggeleg handel ved inngangen til Briksdalsbreen.
TAX FREE OG ALLE BETALINGSKORT
Vi har språkmektig personale og dekkjer vanligvis, i tillegg til europeiske språk, japansk, koreansk og kinesisk.
DALE OF NORWAY
På grunn av behovet for varme klede i vårtkalde klima har nordmenn strikka i århundrer. Denne kunnskapen har gått fra generasjon til generasjon, og Dale of Norway tiltrakk seg mange dyktige handverkarar då fabrikken starta i 1879. Sidan då har Dale of Norway vore «mor» for norsk strikkeproduksjon og norske design, gjennom å ivareta og utvikle strikketradisjonane i den norske kulturen.
I dag finn du kleda til Dale over heile verda. Også her hos oss i Briksdalen.
NORSKE TROLL
Trolla er velkjende, menneskeliknande vesen med røter i norrøn mytologi, kjende frå folkeeventyr og dikting. Trolla kunne vere ulike i form og storleik, oftast med lang, krokut nase og rove. Dei kunne vere kjempedigre jutular eller risar og risegygrer, eller små nissar og huldrer som heldt til i slik natur som du finn i Briksdal. Ofte er trolla framstilte som farlege for folk, men i eventyrverda er dei av venlege og folkekjære skapningar bærre dei vart farne vel med.
I Souvenirbutikken er mange variantar av desse trolla å få kjøpt.